Mariusgenser 2
februar 15, 2007
Off, det kan verte ein del om mariusgenseren og lite om anna. Det kan verte litt kjedelig. Men no er Mariusgenseren kanskje 8-10cm lang no. Eg har ikkje målt. Har ikkje fått strikka så mykje i det siste. Men no kjem svigermor i morgon og då vert det litt strikking (nei, ho får ikkje strikke på min – ho strikkar så stramt).
OK? HADE
Mariusgenser
februar 7, 2007
kunne ha funne eit penare menneske, men synest gensaren var fin på dette biletet.
Eg er så glad i mariusgenser. Eg har kjøpt tråd og har fått mønster tilsendt frå mormor. Eg begynte på genseren òg, men han vart så stor at eg rekte han opp att. No har eg lagt opp ein størrelse mindre og skal strikke med tynnare pinnar. Men no vert det 6-8 år eller kva det var. Og det er til meg. Men eg vil ha han litt liten på ein måte. Dei er finast då.
Kristine i klassa mi (er på praksisgruppa mi forresten) hadde på seg ein slik ein her ein dag og då vart eg inspirert til å ta til på ny!
Np har eg strikka ca 2cm bråt. Hohei som det går. Men det gjeng fort å strikke bolen (magen som eg villa sagt hadde dette ikkje vore ein særs profesjonell handarbeidsblogg). Strikka då ganske mykje sist, då før eg rekte opp. Og no er det færre maskar òg, så det vil gå endå fortare.
Wish me luck
Babylest
februar 7, 2007
Grunnen til at det stend babylest i eintal, er fordi den andre ikkje er heilt ferdig enno. MEn eg er godt over halvveis då. Skal berre strikke foten ferdig (er ferdig med hælen og sånn)
Veit ikkje heilt kven som skal få denne lesten, men me får sjå. Er for så vidt ikkje så sikker på kven som skulle passe inn i denne sokken. Veit ikkje korleis babyføter er. Om nokon har noko å lære meg der, så er eg takksam. Veit ikkje kor lang og brei og sånn foten er. Men søte fargar har i allfall denne lesten.
Ny, veldig enkel hue
februar 7, 2007
På mi dialekt heiter lue HUE. Så det så.
Eg har strikka meg ei heilt enkel og svart hue, men ho vart ganske fin.
Eg brukte nillegarnet Topp t tå og la opp 60 maskar.
Eg strikka ikkje bråt, berre begynte på rettstrikk og det var det det gjekk i heile vegen. Då vil kanten rulle seg opp sjølv. Så strikka eg og strikka. Fellte litt av og til, har ikkje noko system på dette. På slutten når eg skulle avslutte, tok eg hua inn på fire pinnar. Her fellte eg på kvar si side av fire punkt. Det var litt kronglete sagt. Det eg gjorde, var:
Strikka 1m, lyfta av ei maske, strikka 1m og lyfta den ustrikka maska over og ut (jaja..) Så strikka eg til det var 3 maskar att på pinnen, så strikka eg saman to maskar og strikka den siste vanleg. Dette gjorde eg på alle pinnane alle omgongane til eg så hadde 4 maskar att på kvar pinne. Så strikka eg saman dei to midterste maskane på kvar pinne (berre for å få litt færre maskar att). Når eg så hadde 3 maskar att på kvar pinne (altså 12 til saman) tok eg ein tråd gjennom maskane og stramma og knytte. Så festa eg trådane og kulderadene heldt seg ute (off, nei, det er fortsatt så inderleg kaldt).
Her er ho:
Ny blogg, nye høve
februar 4, 2007
HEI
Eg tenkte å kanskje legge ut ting eg lagar og litt om det eg likar å gjer på når eg ikkje les pensum for harde livet. Denne bloggen kjem ikkje til å verte oppdatert kvar dag, men inni mellom. Så berre stikk innom av og til.


