Ein lærer så lenge ein har lever
april 29, 2007
Dette vert vel ikkje karakterisert som handarbeid, men eg meiner at når ein har stoff, tråd, nål eller liknande mellom hendene, så er det handarbeid.
Eg måtte nemleg leggje opp uniformsbuksa mi sjølv. Eg hadde ikkje heilt peil på korleis ein skulle gjere det, men fekk ikkje eg det til då? Jau, klart gjorde eg det.
Trikset er å ikkje stikke gjennom stoffet, men berre hekte seg inn i det på innsida, på ein måte. Om det held gjenstår å sjå. Håper det, for det var litt kjedelig, eigentleg.
Men eg er flink. No skal eg bøte potetåa på strømpebuksa mi før selskap til Lena. Det er ikkje så nøye om vert fint eller ikkje. Det er berre så ikkje tåa skal stikke ut – tittei!
