Symaskina mi
mars 4, 2007
Tenkte eg skulle skrive litt om den kjære symaskina mi.
Eg har liksom alltid drømt om å kunne sy. Sy klede, det må då vere noko. Sy sine eigne ballkjolar. Og sy småting. T-skjorter, toppar, skjørt. Det verkar så gøy.
Eg hadde lyst på symaskin, men dei kosta då 10.000 og sånn. Så begynte eg å tenkje om ikkje nokon av besteforeldra mine snart skulle pensjonere seg frå symaskinene sine. Men besta si er så dårleg at ho bruker å låne mamma si og mormor ante eg ikkje om hadde ein gong.
Men så var det tilbod på … EUROPRIS!!!! Tusenlappen kosta det for ei symaskin. Pappa skulle fikse. Han kom heim med ei. Men det var ikkje tusen ho kosta. Mindre. Hugsar ikkje kva det var, men det var ein stad mellom 500-1000 kr. Hugsar du, mammapappamin?
Her er ho:
Er’kje ho pene (som Eilert Hovden sa det så bra på russekortet sitt)
Ho har ikkje noko namn, ikkje noko merke. Hehe.. einaste som stend med bokstavar på heile maskina, er “Knappehull Funksjon”.
Men ho funkar bra. Syr og styrer. Trur eg og symaskina matchar kvarandre i nivå og ambisiøsitet.
De skulla sett meg der eg sit og syr. Det er “køyr på”-prinsippet! Heller rekke opp om det vert for gale. Kan ikkje måle og planlegge for mykje. Og strykejarnet gidd eg ikkje ta fram
Så det vert som det vert.
Eg kosar meg
(Men eg tek ikkje imot bestilling enno)
