Eg er glad eg ikkje er gammal dame. Besteforeldregenerasjonen min meiner kanskje ikkje det er synd å bedrive handarbeid på ein søndag, men dei mokkar litt, dei gjer det. Besta høyrer heller radio, seier ho.

Eg er glad eg ikkje er gammal dame. For dei er kanskje handarbeid arbeid, men for meg er det meir hand. Hehe..

Eg var åleine heime i føremiddag. PK var på styremøte (apropos kva som er synd på søndag) og eg nytta høve til å rigge opp symaskina mi.

Eg fekk symaskin “til jul” (i oktober) med mammapappamin og eg er heilt elendig å sy, men eg kosar meg desto meir.

I dag fiksa eg ei gammal bukse. Den blå, veit de. Den som er lagt opp med sikkerheitsnåler og har hål både her og der, men som er skikkeleg ålreit bukse å gå i.

Det vart ikkje så fint, men eg sydde att det digre holet i skrittet (på buksa, æsj, nei no var eg ekkel) og klipte av det sletne stoffet nedst på beina og sydde på noko rutete stoff (frå ei pysjskjorte kjøpt på loppis. pysjbuksa søv eg i om nettene) nedst som eit bråt og så hadde eg strekk i. Eg legg ut eit dårleg bilete.

Som sagt, arbeidet blei ikkje fint, men det var kjekt og eg følte det var litt nyttig òg. bilete-032-005.jpg

PK, som ikkje har vidare peiling, sa at det såg ok ut på avstand. Heldigvis er beina mine ofte “på avstand”. Han var då på den andre sida einig i at det ikkje såg heilt bra ut på nørt hald.

Legg att eit svar